Press "Enter" to skip to content

Landsfinalen Senior 2023

19. August 2023


LINK TIL SENIOR LANDSFINALEN

Årets høgdepunkt, Landsfinalen for Bilcross Senior! 

Norsk Motor Klubb har utnemnt NMK Vikedal som
arrangør for Landsfinalen 2023. Det er me veldig stolte av! 

Her kjem det meir info fortløpande.

Det er over 30 år sidan sist det blei arrangert Landsfinale for Senior i Vikedal. Eit slikt løp er det mest prestisjefylte løpet innan bilcross i Norge. Då hamnar alle bilcross entusiastar frå land og strand oppi
Vikedals dalen for å konkurrera om å bli Norges beste bilcrossførar.

Men eit slikt løp krevst det verkeleg ein innsats av alle mann! Klubben er utroleg heldige som
har dugnadsånder som står på både dag og natt for at Vikedal Motorbane skal visa seg frå
si beste sida og gjer at me er ein av dei beste til å arrangere billøp. Synest me vertfall sjølv! 

Om du synest det høyrest spennande ut, og det kriblar i kroppen for å vara med å representera klubben for Norges beste bilcrossførarar, vara publikum eller utøvar? Så er du hjarteleg velkommen til Vikedalsdalen.

Så hold av 19. august 2023, då er det i Vikedal det skjer! 

Kontaktperson for Landsfinalen er Katrine Tveit-Runge, tlf 452 03 777. 

Helsing Landsfinale komitéen.