Press "Enter" to skip to content

Finale i Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal cup

Last updated on 2. oktober 2025

Då er det klart for finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross 2025 og i NMK Vikedal cup for bilcross 2025. Etter nest siste runden av VM på Eikås 6. sept. er det forsatt uavklart i dei fleste klassane kven som stikk av med tittelen Vestlandsmester. Det er heller ikkje avklart noko etter dei to første rundane i NMK Vikedal, så det er mange som har mykje å kjempa for i dette løpet. I tillegg til bilcross- og rallycrossklassane er det opna for crosskart der me no har fleire dyktige førerar i klubben.

Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.

Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn ei vakt saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS i helga før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen for å få tak i deg for å få namn på vakta di.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.

Ord. påmeldingsfrist: lørdag 20. september kl. 23:59

Sjekk stillinga i Vestlandsmesterskapet her…

Sjekk stillinga i NMK Vikedal cup her…

Tilleggsreglar – bilcross

Tilleggsreglar – rallycross

Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding

Uoffisiell startliste

Og hugs påmelding til VM-festen og premieutdelinga her….

Endelege startlister og resultater finn du på Sportity (kode: vikedal25) og her…

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.