Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Treningar for bil 2013

Bilgruppa vil fortsetja med så mange treningar som råd. Dei har sett opp ei eiga gruppa som skal jobbe med dette. Det vil sannsynligvis ikkje bli så mange treningar i mai pga. preparering og klargjering til NM-runden, men det får ein ta igjen etterpå.

Comments closed

NMK Vikedal gratulerar premievinnerane

Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.
Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.

NBF si premieutdeling gjekk føre seg på Thon Hotel Arena i Lillestrøm sist lørdag. Det var utdeling av medaljar i Norgesmesterskap, Norgescup og NEZ, saman med andre utmerkingar. Geir Harald Skeie var på plass for å motta premie for 5. plass i NEZ-mesterskapet 2012, og som deltakar i Team Norway, som vann nasjonskonkurransen. 

Comments closed

Julehelsing til alle i NMK Vikedal

Nytt styre har stabla seg på beina, og har mangt og mykje å gripa fatt i. Me har fokus på mulighetene, og tar utfordringane som måtte koma etter beste evne. Me veit at det er mange medlemmer i klubben som har mykje kunnskap om motorsport og gode innspel er me opna for.
Medlemmene i bilgruppa, anleggskomiteen og MX-gruppa har nok oppgåver å gripa tak i, og dei er godt i gang med arbeidet.
Med mange positive medlemmer og gode personar i gruppene har eg god tru på eit nytt, spennande og godt motorsport år.

Ynskjer alle medlemmer og støttespelarar i NMK Vikedal ei fredeleg julehelg og eit godt nyttår i vente.

Helsing styret i NMK Vikedal
Kari Holten Leifsen (leiar)

Comments closed