Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Ny heimeside

Hei alle!

Med god hjelp av Jarl André Holten Leifsen har NMK Vikedal fått ny heimeside. Det er no enklare for dei enkelte gruppene å leggja ut informasjon og oppdateringar. I tillegg har me fått på plass ein aktivitetskalender som skal gi oversikt over det som skjer av løp, kurs, dugnad, møter m.m. Me håpar dette kan bli eit godt verktøy for klubben.
Har de tilbakemeldingar eller er det noko de savnar, så kan de ta kontakt med nokon i styret.

mvh.Kari

Comments closed

Vestlandsmesterskapet for bil 2013

Klubbane som organiserar Vestlandsmesterskapet skal ha møte i byrjinga av februar for å setja opp terminlista og reglane. Har du meiningar om dette (kva løp/kor mange/strykningar/klassar/ tekniske restriksjonar osv.) kan du kontakta Hallvard Finnvik, som er NMK Vikedal sin representant. Han når du på tlf. 99001824 eller hallvard(a)finnvik.com
Det er veldig demotiverande for dei som prøver å gjera ein jobb med dette å få mange negative innspel/diskusjonar på internett etter at sakene er avgjort.

Comments closed

Treningar for bil 2013

Bilgruppa vil fortsetja med så mange treningar som råd. Dei har sett opp ei eiga gruppa som skal jobbe med dette. Det vil sannsynligvis ikkje bli så mange treningar i mai pga. preparering og klargjering til NM-runden, men det får ein ta igjen etterpå.

Comments closed

NMK Vikedal gratulerar premievinnerane

Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.
Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.

NBF si premieutdeling gjekk føre seg på Thon Hotel Arena i Lillestrøm sist lørdag. Det var utdeling av medaljar i Norgesmesterskap, Norgescup og NEZ, saman med andre utmerkingar. Geir Harald Skeie var på plass for å motta premie for 5. plass i NEZ-mesterskapet 2012, og som deltakar i Team Norway, som vann nasjonskonkurransen. 

Comments closed