Press "Enter" to skip to content

MX-gruppa

MX delen av NMK Vikedal blei oppretta seint på 80-talet og flytta etter kvart aktiviteten inn på same område som bil- og rallycrossbanen. Dagens bane blei opna i 1991. Det er ein klassisk jord og leirbane som skiftar med årstidene frå lettkjørt og morosam når det er vår og sommar til hard og teknisk utover hausten.

Klubben arrangerte løp i Vestlandsmeisterskapen etter tusenårs-skiftet. Etter framvekst av nye, større anlegg i distriktet har desse overtatt mesteparten av arrangementa. Men med framvekst av kortare, oversiktlige former av motocross, slik som Speedcross kan klubben bli løpsartuell igjen.

 

I tillegg til hovudbanen har klubben ei sterk satsing på rekruttering med og ein enkel skulebane, spesiellt tilpassa øvingssyklar. Resultatet av denne satsinga har gitt ein kontinuerleg vekst for motocross og gruppa har i 2021 vakse over 100 medlemmer.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *