Forslag til ny lov for NMK Vikedal

Her finn de forslaget til ny lov for NMK Vikedal

Årsfest lørdag 20. januar på Scandic Maritim Hotell

I etterkant av årsmøtet lørdag 20. januar vil det bli arrangert årsfest på Scandic Maritim Hotell. Det blir festmiddag med utdeling av premiane for klubbløpet og andre utmerkelsar.
Det er forhandla fram gode prisar, og vi håpar flest mogleg vil delta på middagen og utover i dei små timane.

Prisar:

  • Festmiddag 495,- pr. pers.
  • Overnatting
    • Enkeltrom 795,- pr. rom
    • Dobbeltrom 991,- pr. rom

Påmelding til Dag Fisketjøn, e-post dag.fisketjon@suldal.com eller tlf. 992 29 084

Påmeldingsfrist:                               7. januar 2018

Årsmøte i NMK Vikedal lørdag 20. januar

Som vel dei fleste har fått med seg, blir årsmøtet for 2017 arrangert på Scandic Maritim Hotell i Haugesund lørdag 20. januar kl. 13:00.

Her er den formelle innkallinga med sakslista …

Forslag til ny lov for NMK Vikedal …

Om kvelden blir det arrangert årsfest same stad. Informasjon om påmelding kjem om nokre dagar.

God jul og godt nytt år

Styret i NMK Vikedal ynskjer alle medlemmer og støttespelerar ei god jul og eit godt nytt år.

Helsing styret i NMK Vikedal

Karina Nonslid (leiar)

Klubbmesterskapet 2017

Det blir arrangert klubbmesterskap for bilcross, rallycross og motocross søndag 15. oktober. Det er på førehand (men etter at plakaten var trykt) avklart at ingen av crosskartførerane ønskte eller kunne stilla til start, difor vert ikkje dei invitert. I bilcross er det kamp om andre napp i vandrepokalen, etter at Eirik Sandvik tok første napp i fjor. Som i fjor blir pokalane til seniorane delt ut på årsfesten som i år ikkje blir før lørdag 20. januar 2018 sidan rekneskapsåret no skal følgja kalenderåret.

Tilleggsreglar – Bilcross
Tilleggsreglar – Rallycross

Påmelding (og for motocross – skriv x eller 1 i felt som ikkje er aktuelle for MX, og velg egendefinert som bilmerke og skriv inn sykkelmerke og modell)
Foreløpig startliste

Vinnarane i lotteriet

Sidan siste ordinære løpet vart flytta til 16. og 17. september, vart trekninga i lotteriet og føretatt 17. september, ikkje 24. september som det stod på lodda. Vinnarane er kontakta, og namna finn du her:
1. gevinst : Bilcrossbil m/utstyr
Vinnar: Lodd nr. 02056 – Kjetil Aasen Haaheim, Haugesund
2. gevinst : Reisegåvekort, verdi kr. 5.000,-
Vinnar: Lodd nr. 00879 – Peder Lothe, Ølen
3. gevinst : Reisegåvekort, verdi kr. 1.000,-
Vinnar: Lodd nr. 00562 – Svein Atle Berge, Grimstad

Vinnaren av bilcrossbilen har alt lova at han skal kjøra med den, så då dukkar den kanskje opp på klubbløpet 15. oktober.

Klubbmesterskap – alle greiner

Klubbmesterskapet som opprinneleg var planlagt kjørt 8. oktober, er flytta til søndag 15. oktober. Dei som tar haustferie med skulane, må dermed koma heim ein dag før for å få med seg klubbmesterskapet.
Det vil bli kjørt så mange klassar som det er deltakerar til, både på 2- og 4-hjul, på same måte som i fjor.

Resultater frå søndagens løp

Det kom regn rundt kl. 15:00 på søndagen og. Då var dette berre finalane igjen, så det påverka ikkje resultatet direkte som på lørdag. Dei fleste stola ikkje på vermeldinga tidlegare i veka og hadde andre dekk med seg, ikkje sant Geir Harald :-).
Her er resultata frå løpet:
– Bilcross jr. / bilcross
– Rallycross / crosskart

Resultater frå parallellracet

Det var flott vær under mesteparten av parallellracet i dag, men det kom ei regnbyge på slutten av bilcrossdelen som nok gjorde litt utslag.

Resultater – bilcross

Resultater – rallycross/crosskart

Startlister og tidsplan for løpa i helga

Her er dei offisielle startlistene for helga og ein uoffisiell tidsplan til hjelp for publikum og funksjonærar:

Offisielle startlister for rallycross og crosskart

Offisielle startlister for bilcross

Tidsplan for helga