Press "Enter" to skip to content

Kategori: Til medlemmene

Årsmøte lørdag 19. februar

Rekneskapsføraren ligg litt etter med rekneskapet, så årsmøtet må utsetjast 14 dagar til lørdag 19. februar. Me håpar det går greit for dei fleste.
Det blir i Skjold Arena frå kl. 13:00, og etter årsmøtet vert det servert pizza.

Styret ynskjer alle medlemmer eit godt nytt motorsportsår, og har vedteke at årsmøte skal gjennomførast lørdag 5. februar lørdag 19. februar. Planen er at det vert fest om kvelden, men som alltid i desse tider, må me ta forbehold om koronarestriksjonar, både for årsmøte og festen.

Me kjem tilbake med fullstendig saksliste, tidspunkt og stad, så følg med.

Comments closed

Dugnad torsdag 24. juni

Av forståelege grunnar var ikkje oppmøtet så stort lørdag, så det gjenstår litt klypping/rydding. Det blir difor ny dugnad
torsdag 24. juni frå kl. kl. 17:30

I tillegg til klypping (ta evt. med eigen kantklippar/plenklippar), blir det litt steinplukking, oppsett av byggegjerder, rigging av depot osv.

Kontaktperson: Michael Jensen, tlf. 979 53515

Comments closed

Dugnad lørdag 19. juni

Vekstvilkåra har vore særs gode i år, så banene er i ferd med å forsvinna i gras og kratt. Det er difor behov for eit krafttak  både rundt bil- og MX-banene. Det er blir difor dugnad

lørdag 19. juni frå kl. 10:00 og ut dagen 🙂

Klubben disponere ein traktorklippar og eit par kantklypperar, så om nokon kan ta med eige utstyr, både plen- og kantklipperar er det kjempeflott. Fint om nokre tar med tilhengjar og river/gaflar slik at me kan få kjørt vekk noko av avfallet. Av anna arbeid som er aktuelt er generell rydding, oppsjekk av sandfeller og sjekk av drenering etter at det er lagt ut 400 tonn grus.

Under er eit par bilder som viser gras/krattet ved bilcrossbakken.

Comments closed

Årsmøtet for 2020 (utsett inntil vidare)

Årsmøtet må nok ein gong utsetjast pga. Covid-19 restriksjonar. No vågar me ikkje setja ny dato før det er klart for at rundt 30 personar kan møtast innandørs.

Den formelle sakslista (med feil dato)  kan du sjå her…

Comments closed