Bergenserane dominerte samanlagt i Vestlandsmesterskapet etter finalen i Vikedal i helga, men i NMK Vikedal cup var heimeførerane sterkare. Årsaken er nok at få førerar frå NMK Vikedal har deltatt i VM-rundane i Bergen og Sunnfjord, men resultata på heimebane har vore bra.
Blant dei yngste bilførerane i bilcross NextGen-klassen låg Martin Nes på andreplass i NMK Vikedal cup før finalen. Han fekk det ikkje heilt til i finaleløpet, men sikra seg andreplass i B-finalen. Det gav nok poeng til å vinna samanlagt framfor Aksel Holten Leifsen, begge frå NMK Vikedal. I løpet tok Holten Leifsen tredjeplass, Martin Nes sjetteplass medan Hannah Flatebø vart nr. 8. Joachim Askeland, NMK Bergen, vann både finaleløpet og Vestlandsmesterskapet, og vart nr. 3 i NMK Vikedal cup.

Blant juniorane var Erik Særvold Damm og Robert Blomdal, begge NMK Bergen, sterkast. Damm vann både Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal cup framfor Blomdal. I NMK Vikedal vart Sofie Holten Leifsen nr. 3 etter 10. plass i finaleløpet. Jørgen Johansen vart beste lokale førar med fjerdeplass i finaleløpet.

I seniorklassen var det skuffande få deltakerar. Odin Kvåle, NMK Bergen, gjekk til topps framfor far og dotter, Kjell Vidar og Kristin Handeland frå Sauda og NMK Vikedal. Odin Kvåle sikra seg med det andreplass i Vestlandsmesterskapet bak Lasse Aaberg, NMK Bergen, som var klar som vinnar før finaleløpet. I NMK Vikedal cup gjekk Kristin Handeland til topps framfor Odin Kvåle og Kjell Vidar Handeland.

Også i rallycross-klassane var det litt svak deltaking, delvis pga. kollisjon med NM-runden i bakkeløp. I klassen for NRC gjekk Håvard Lystad, NMK Melhus, til topps i Vestlandsmesterskapet framfor Matheo Hjellestad og Simen Wilhelmsen, begge NMK Bergen. I finaleløpet var rekkefølgja motsett med Wilhelmsen på topp framfor Hjellestad og Lystad.
I klassen t.o.m. 2400 ccm debuterte Tobias Johansen frå Ølen og NMK Vikedal i nyinnkjøpt Ford Escort som han har et mål om å kjøra NM med til neste år. Han hadde ikkje kjørt bilen på bane før, men viste god framgong gjennom dagen og kjørte inn til tredjeplass i løpet. Emilie Haukeland, NMK Bergen, gjekk til topps og sikra seg med det sigeren i Vestlandsmesterskapet. Johannes Soldal Måge, NMK Bergen, vart nr. 2 både i løpet og samanlagt.

Crosskart var og på plass som gjesteklassar. Dei yngste i klasse Mini, Victoria og Erlend Tveit-Runge og Ellinor Skjærstad Frøyland frå Tysværvåg, blir betre og betre for kvart løp dei kjører. I klassen 85 ccm fekk Benjamin Skjærstad Frøyland konkurranse frå Thorstein Nyhus, NMK Gardermoen. Nyhus har kjørt alle NM-rundane og har nok litt meir erfaring enn Frøyland. Det var Nyhus som var best i finalen og vann løpet. Endre Stople Enge var åleine i si klasse, 125 ccm, men kjørte godt og hadde gode rundetider.

Daniel Veland Skeie, som førre helg sikra seg fjerdeplass i Norgescupen for 85 ccm, kjørte dette løpet i Xtreme junior saman med Endre Riise. Daniel var uheldig i 2. omgong og kolliderte med ein kart som snurra framfor han og skada tommelen. Han stod over 3. omgong, men kjørte finalen. Som venta var Endre Riise raskast der og vann framfor Daniel Veland Skeie.

I 650 ccm klassen debuterte Lars Reidar Frøyland med eigen crosskart. Ettersom Bjørn Cato Aarekol fekk tekniske problemer, vann Frøyland den klassen. Martin Vatland, NMK Egersund, var best i klassen Xtreme framfor Glenn Olav Lothe. Dette var siste løp for denne sesongen på Vikedal Motorbane. Det har nok vore både oppturar og nedturar som det alltid er i motorsporten. Men dei fleste er nok klar for ein ny sesong til våren igjen.



Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.