Press "Enter" to skip to content

Lørdag 26. sept. – Finalen i VM for BC/RC + crosskart

Last updated on 7. september 2026

Då er det klart for den store finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross 2026.  Som i fjor blir det fest på Ungdomshuset i Vikedalsdalen, 700 m. før du kjem til Vikedal Motorbane. Meir info. om denne kjem straks i eigen artikkel.
Løpet startar kl. 10:00 slik at me er ferdig i god tid til festen om kvelden. Me forventar å vera ferdig rundt kl. 18:00 (ved 80 deltakerar).
For rallycrossførerane er det 14 dagar etter NM-finalen på Gardermoen, så me håpar dei vil ha eit siste løp før vinterpausen.
Crosskartførerane har sin NM-finale helga før på Grenland Motorsenter og er sjølvsagt hjerteleg velkommen til Vikedal.

I Vestlandsmesterskapet er enkelte plasseringar avgjort, men det er fortsatt mykje å kjempa om. Kanskje målet kan vera å slå dei som ser ut til å gjera det best samanlagt?

For bilcrossførerane som stort sett kjører i Vikedal er løpet finale i NMK Vikedal Cup. I tillegg til pokalar og heder, vil vinnarane få gratis startkontingent på 2-dagaren 2027.

Etter at me endra VIPPS-betalinga til ein meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.

Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn ei vakt pr. dag saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.

Ord. påmeldingsfrist er onsdag 16. september kl. 23:59.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross

Påmelding
Foreløpig startliste

Vestlandsmesterskapet – reglar og stilling

NMK Vikedal cup 2026 – Reglar
NMK Vikedal cup 2026 – Stilling

Link til Sportity (resultater etc.)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.