Press "Enter" to skip to content

Pressemelding etter 3. NM-runden i Vikedal

Favorittsigrar i dei fleste klassane i Vikedal

Det vart ein flott NM-runde i Vikedal i helga. Runden opna med tørt føre i første omgong på lørdag, før det kom noko regn som gjorde det vått i 2. og 3. omgong. Søndag var det glimrande forhold heile dagen, noko som gav publikum mange tette kampar om plasseringane. Til slutt vart det favorittseier i fleire av klassane.

            Ole Johan Sæther var den første favoritten som slo til i Rallycross Historisk. Kjetil Stien, som låg på andreplass i Norgescupen, fekk det ikkje heilt til på vått føre, og måtte via B-finalen. Han vann den, og kjempa seg til ein andreplass i finalen, rett framfor Kristian Haugård. Sæther drog dermed frå samanlagt og leiar Norgescupen med 96 poeng framfor Stien med 67 og Haugård med 63.

            I Rallycross Junior gjekk Henrik T. Håkonsen til topps, framfor Nicolas Handeland og Marius Teigen. Den lokale debutanten, Vegard Owe, kjørte inn til ein flott fjerdeplass i sin rallycrossdebut. Norgescup-leiaren, Mats Aasbjørg, sleit med tekniske problemer og fekk flysendt deler frå Trøndelag for å fullføra. Han kom seg vidare frå B-finalen, men det vart stopp i A-finalen og berre femteplass. Dermed er det Håkonsen som leiar Norgescupen med 86 poeng. Mats Aasbjørg har 73 og Leander Lindland 64 poeng.

Vegard Owe fekk det meste til å stemme og imponerte i sin rallycross-debut med å kjøre inn til fjerdeplass i Rallycross Junior. (Foto: Brainfog Media)

            16-åringen, Timian T. Hansen, imponerte igjen og kjørte inn til seier og full poengpott i samandraget i klasse 1 (t.o.m. 1600 ccm). Han tok dermed eit jafs innpå Sindre Haug i NM-samandraget. Haug sleit i dei innleiande omgongane, men kjørte inn til andreplass. Emilie Haukeland tok siste pallplass, berre eitt tusendel framfor Svein G. Nielsen. Samanlagt leiar Haug med 89 poeng framfor Hansen med 77 og Haukeland med 67 poeng.

Timian T. Hansen imponerar og 16-åringen vann sin tredje NM-runde. (Foto: Brainfog Media)
Ole Henry Steinsholt kjørte inn til ein klar seier i klasse 2 i Vikedal. (Foto: Brainfog Media)

            Ole Henry Steinsholt dominerte ikkje i alle omgongane, men kjørte likevel inn til ein klar seier i klasse 2 (t.o.m. 2000 ccm). Markus Skomedal fekk det ikkje heilt til i innleiande omgong og måtte via B-finalen, men tok andreplass etter tett kamp med Torjus Svenneby og Glenn Amund Voie. Samanlagt leiar no Steinsholt komfortabelt med 93 poeng. Torjus Svenneby har 63 poeng på andre- og Markus Skomedal 47 poeng på tredjeplass. Rett bak med 45 poeng kjem Rudi Andres Rossland som sleit med motorproblemer i Vikedal. Ivan Kallekleiv vart beste Bergens-førar på 6. plass. NMK Vikedal-føraren Joakim Rønnevik sleit og med tekniske problemer og kom ikkje til finale.

Ivan Kallekleiv hoppar inn i A-finalen i klasse 2, men der stemte det ikkje heilt og det vart sjetteplass. (Foto: Brainfog Media)
Litt stang ut for Joakim Rønnevik i comeback på heimebanen. Han hadde nok trengt eit løp eller to med sin nyoppussa Polo for å vera heilt klar til NM-runden. (Foto: Brainfog Media)

            Marius Solberg Hansen var tilbake på vinnarsporet i Vikedal i klasse 3 (t.o.m. 2400 ccm) og vann sjølv om Mathias Minge ikkje var så langt bak i finalen. Det var heller ikkje overraskelsen Sondre Jahren som tok tredjeplassen etter å ha vunne B-finalen. Samanlagt i NM tettar det seg til bak Solberg Hansen som har 91 poeng. Kenneth Hansen er nærmast med 65, deretter Espen Kolstadbråten med 61 og Mathias Minge med 60 poeng. Sindre Hallingstad Vikedal, NMK Vikedal, kjørte godt i comebacket med litt mindre motor enn dei fleste. Det skar seg litt i B-finalen for Vikedal, men 10. plass er absolutt respektabelt.

Marius Solberg Hansen var tilbake på vinnarsporet i Vikedal, her framfor Espen Kolstadbråten over hoppet mot målsvingen. (Foto: Brainfog Media)

            Heimepublikummet hadde nok størst forhåpningar til Daniel Holten i toppklassen, klasse 4 (over 2400 ccm). To tidsstraffer, tot. 5 sek., som han ikkje forstod eller fekk forklaring på etter litt platekontakt i 4. omg. øydela håpet om topplassering. Sidan omgongar med straff uansett skal telja med i samandraget, vart det ikkje A-finale, men start i andre rekke i B-finalen. Der vart det intens kjemping, men ikkje opprykk og åttendeplass totalt. Fornøgd minus var konklusjonen hans etter løpet. Broren, Åsmund Holten, måtte gi seg med motorproblemer før C-finalen han var kvalifisert til.

Daniel Holten var berre fornøgd minus på heimebane etter at tidsstraff i 4. omg. øydela sjansane til A-finale. (Foto: Brainfog Media)

I A-finalen var Thomas Bryntesson uslåeleg slik han hadde vore i dei innleiande omgongane. Han har no tatt maksimale 33 poeng i alle dei tre NM-rundane i år og leiar NM med 99 poeng. I innleiande omgongar hadde han sett to nye banerekordar for Supernasjonal, og for det vann han eit armbåndsur frå Urmakar Arnestad. Emil Sivesind og Petter J. Fuglestveit hadde litt kontakt når Sivesind kom ut frå alternativsporet som han gjekk tapande ut av. Fuglestveit sikra seg dermed andreplassen framfor klubbkompis Kristian Tisland. Sivesind måtte ta til takke med femteplass, men har fortsatt andreplassen i samandraget med 74 poeng framfor Fuglestveit med 62 poeng. Daniel Holten ligg på 12. plass med sine 19 poeng.

Ingen kunne gjera noko med suverene Thomas Bryntesson i Vikedal heller. Han vann alt og sette ny banerekord. (Foto: Brainfog Media)
Thomas Bryntesson vann eit nytt armbåndsur fra Urmakar Arnestad for å ha sett beste omgongstid i NM-runden. Urmakar Sveinung Arnestad delte sjølv ut premien.
Daniel Holten henger godt på Emil Sivesind over toppen, men kom seg ikkje forbi. Petter Leirhol følgjer litt lenger bak. (Foto: Brainfog Media)

Løpsleiar Katrine Tveit-Runge var svært fornøgd etter løpet. Det aller meste gjekk som planlagt, og dei aller fleste var svært tilfreds med arrangementet på Vikedal Motorbane.

Nesten alle deltakerne og bilane stilt opp på startlangsiden i Vikedal søndag morgon før siste omgong og finalane

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.