Då er det klart for den tradisjonsrike Todagaren og som vanleg er den kval. løp til Landsfinalane for junior og senior. Det er dermed spesiell fokus på bilcross. Påmeldinga har no opna og med reknar med god deltaking sidan Landsfinalen for senior blir arrangert av NMK Konsmo. Så får me bera over med at dei fekk kval. løp på heimebane (noko me ikkje fekk sjølv om me leverte ein godt begrunna søknad) og la det til same helg som vårt. Så blir det opp til førerane å velja løp og vurdera mulighetene.
I tillegg er det klassar for både bilcross NextGen, crosskart og rallycross denne helga.
Landsfinalen for senior går altså på Konsmo Motorbane fredag 14. og lørdag 15. august Trening og dei to første omgongane blir kjørt fredag ettermiddag med 3.-5. omgong og finalar lørdag. Både Sigbjørn og Sølve Østbø vart kvalifisert i Egersund i 11. april og tel dermed ikkje med blant dei seks beste som blir kvalifisert..
Meir opplysningar om Landsfinale senior: https://nmklandsfinalesenior.klubb247.no/
Landsfinalen for junior vil bli arrangert av NMK Gardermoen på Gardermoen Motorpark lørdag 1. og søndag 2. august. Det vil vera tid til trening fredag ettermiddag. Av våre medlemmer kvalifiserte Jørgen Johansen og Sofie Holten Leifsen. Dei tel dermed ikkje med når dei seks beste blir kvalifisert.
Meir opplysningar om Landsfinale junior: https://nmklandsfinalejunior.klubb247.no/
Etter at me endra VIPPS-betalinga til ein meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.
Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn ei vakt pr. dag saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Er det forskjellig person pr. dag, må me få beskjed om det på e-post til vakt@nmk-vikedal.net. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.
Ord. påmeldingsfrist er onsdag 20. mai kl. 21:00.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross
Påmelding
Foreløpig startliste


Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.