Press "Enter" to skip to content

Sesongopning og klubbmesterskap 2026

Sjølv om det er snø i lufta nærmar det seg sesongstart og i år blir det med klubbløp for bilcross, crosskart, rallycross og motocross.

Meir informasjon og påmelding til motocrossløpet finn du på iSonen her…

Informasjon for dei på 4 hjul:
Sølve Østbø har tatt dei to første nappa og kan klara å stikka av med vandrepokalen utan andre namn på den. Kanskje det er broren Sigbjørn, som på bildet over leiar framfor Sølve, som lurer han for tre på rad. Det bør motivera andre til by opp til tettare kamp om seieren. Ombygginga av startplata og -langsida har gjort at det sannsynligvis ikkje blir mulig med trening før klubbløpet. Det gjer det nok litt ekstra spennande for nokra om alt virkar som det skal.
For juniorklassen er det viktig at dei som er fødd i 2012 og har heilårslisens Bilcross/Rallycross jr trening med kurs kan delta i klubbløpet i bilcross junior-klassen.
Crosskart-klassane vil bli kjørt på same måte som dei siste ordinære løpa.
Det er i år opna for rallycross, sidan det no er nokre medlemmer som satsar fram mot NM-runden i juni.

Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.

Hugs at alle må melda inn ei vakt saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS nokre dagar før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen for å få tak i deg for å masa om å få namn på vakta di.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.

Ord. påmeldingsfrist er rett etter påske og går ut allerede onsdag 8. april kl. 23:59, så ikkje vent men meld deg på i dag.

Tilleggsreglar – bilcross

Tilleggsreglar – crosskart

Tilleggsreglar – rallycross

Påmelding

Uoffisiell startliste

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.