Seint, men godt, er det klart for klubbløp for bilcross, crosskart og motocross.
Meir informasjon og påmelding til motocrossløpet finn du her…
Etter at Sølve Østbø tok første napp i den nye vandrepokalen for senior i fjor, er det klart for ny kamp i år. Ifølgje ryktene, og oppmøtet på treninga onsdag, blir det tett kamp med gromme bilar om seieren i år og.
For juniorklassen er det viktig at dei som er fødd i 2011 og har heilårslisens Bilcross/Rallycross jr trening med kurs kan delta i klubbløpet i bilcross junior-klassen.
Dei som er fødd i 2007 kan kjøra i seniorklassa, men må då løysa seniorlisens.
Crosskart-klassane vil bli kjørt på same måte som dei siste ordinære løpa.
Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.
Hugs at alle må melda inn ei vakt saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS nokre dagar før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen for å få tak i deg for å få namn på vakta di.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.
Ord. påmeldingsfrist er litt kort og går ut allerede lørdag 4. oktober kl. 23:59


Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.