Då er det klart for den tradisjonsrike todagaren, som har spesiell fokus på bilcross. Påmeldinga opnar litt forsinka etter at det har vore problemer med WRM-systemet.
Som vanleg er det kvalifiseringsløp til både junior- og senior-Landsfinalen. Landsfinalen for junior går i år på Elverum den 2. og 3. august. Landsfinalen for senior går i år på Hamar 15. og 16. august. Begge Landsfinalane går i år over 2 dagar.
I tillegg er det klassar for både bilcross NextGen, bilcross junior trening, crosskart og rallycross denne helga.
Etter at me endra VIPPS-betalinga til ein meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.
Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn ei vakt pr. dag saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Er det forskjellig person pr. dag, må me få beskjed om det på e-post til vakt@nmk-vikedal.net. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS i helga før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.
Ord. påmeldingsfrist: søndag 15. juni kl. 20:00
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.