Press "Enter" to skip to content

Sesongens høgdepunkt for bilcross

Pinsehelga er det klart for høgdepunktet i bilcross-sesongen på Vestlandet med 2-dagaren i Vikedal. Den samlar dei beste av bilcrossførerane på Vestlandet, frå Egersund i sør til Alver i Nordhordland.
(Foto; Kristian Jørgensen Foto)

Dei kjempar om den største pokalane, og prestisjen ved å vinna er stor. I tillegg skal det delast ut 6 billettar i kvar klasse til Landsfinalane for bilcross i Uvdal og bilcross junior i Aremark i august.

I juniorklassen har førerane frå Bergen og eit par frå Egersund dominert litt den siste tida. Mange av dei har vore svært aktive og kjører mange løp, nokre både i bilcross og rallycross. All kjøretreninga og bilar som fungerar, gjer at dei har fått gode resultater. I Vestlandsmesterskapet er det Erling B. Tjelta, NMK Egersund, som leiar med 25 poeng etter seier i Vikedal 2. april og 12. plass i Bergen helga etter. Rett bak med 23 poeng ligg Emilie Køhne og Magnus M. Skoglund, begge NMK Bergen. Simen Johansen, NMK Vikedal, ligg på fjerdeplass med 21 poeng. Mathias Haugland Rønnevik, som var einaste lokale i A-finalen i Vikedal 2. april, ligg som nr. 14 med 12 poeng. Julian Helland ligg rett bak med 9 poeng.

Eirik Åsbøe kunne godt tenkt seg pokalen

Blant seniorane er det Marius Havre, NMK Bergen, som leiar med 31 poeng etter seier i Vikedal og sjetteplass i Bergen. Sølve Østbø, NMK Vikedal, som vann i Bergen stilte ikkje til start i Vikedal, men ligg på andreplass med sine 20 poeng. Storebror, Sigbjørn Østbø, ligg rett bak med 17 poeng, medan Thomas Hundseid Eikeland er på sjuandeplass med 15 poeng etter tredjeplass i Vikedal i sesongopninga. Bror til Thomas, Sondre, vann 2-dagaren i fjor framfor Sølve Østbø, og i 2019 med Sølve på tredjeplass, men Sondre er ikkje påmeldt i år. Dermed er det Thomas som må forsvara familien si ære i år, kanskje spesielt i kampen med Sølve Østbø. I tillegg er Eirik Aasbøe og Tobias Johansen, begge NMK Vikedal, klar til kamp om ein ny A-finale. 

Vermeldingane lovar bra, så alt ligg til rette for to spennande dagar på Vikedal Motorbane. Løpet startar laurdag med 4 omgongar, medan siste omgongar og finale blir kjørt søndag.

Thomas Hundseid Eikeland i tet forran Sølve Østbø og Ørjan Lutsi rett bak fra tidligare løp

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.