Press "Enter" to skip to content

Åsmund Holten einaste lokale på toppen i Vikedal

Åsmund Holten var den einaste av heimeførerane som klarte å vinna sin klasse i sesongopninga, og 1. runde i Vestlandsmesterskapet, på Vikedal Motorbane laurdag.

I fint, men litt kaldt, vårvær hadde rundt 500 tatt turen for å få med seg det første opne billøpet etter korona-epidemien. Dei fekk sjå mange tette, spennande duellar om plasseringane, men og nokre rullingar.

            I A-finalen for bilcross junior var det heimeføraren Mathias Haugland Rønnevik som tok starten i sin store, tunge Volvo 245. Men han vart tett følgd av Erling B. Tjelta frå NMK Egersund. Tjelta smatt forbi alt på første runden, og såg seg deretter ikkje tilbake og vann suverent. Nærmast kom Emilie Haukeland, NMK Bergen, og Thea Lutsi, NMK Egersund. Mathias Haugland Rønnevik kjørte inn til femteplass.

Strålande fornøgd Erling B. Tjelta, NMK Egersund, på toppen flankert av Emilie Haukeland, NMK Bergen, t.v. og Thea Lutsi, NMK Egersund.

            Det var 4 førerar frå NMK Vikedal i A-finalen for bilcross, men alle dei måtte sjå at gjestene stod øverst på pallen. Raskast av alle var Marius Havre, NMK Bergen, som vann bilcross senior framfor Mads Skjæveland, NMK Egersund. Thomas Hundseid Eikeland vart best av heimeførerane på tredjeplass, framfor Eirik Aasbøe, Tobias Johansen og Eirik Sandvik.

Marius Havre, NMK Bergen, vann bilcross framfor Mads Skjæveland, NMK Egersund, Thomas Hundseid Eikeland og Eirik Aasbøe, begge NMK Vikedal.

            I rallycross fekk Åsmund Holten problemer i to av omgongane. I den første var det ein ledning som løysna som gjorde at motoren stoppa, medan det rauk ein sveis i forhjulsopphenget i den siste. I den midterste omgongen var han raskast, og sikra seg plass i finalen. Der vart det ein tett og fin kamp med Aleksander Stokke, NMK Bergen. Ved målpassering skilde det berre ein god halvmeter i Holten sin favør. Jan Håkon Knutsen, NMK Sunnfjord, tok tredjeplassen.

Åsmund Holten einaste NMK Vikedal-førar på toppen av pallen. Aleksander Stokke, NMK Bergen, og Jan Håkon Knutsen, NMK Sunnfjord, kom nærmast.

            2. klassingane, Endre Stople Enge og Daniel Veland Skeie, frå Sandeid kjørte oppvisning i crosskart mini og viser fin framgong.

Klassekameratane Endre Stople Enge t.v. og Daniel Veland Skeie frå Sandeid kjører oppvisning i crosskart mini.

Dei vaksne heimeførerane i crosskart xtreme fekk som venta tøff kamp av Thomas Eek Murstad, NMK Bø. Han vann to av tre omgongar, og finalen suverent. Sigurd Kilane klarte å slå han i ein omgong, og var og den som kom nærmast i finalen. Rolf Gangdal sikra seg tredjeplassen, medan debutanten og Saudabuen Ole Reidar Ljung følgde deretter. Glenn Olav Lothe fekk tekniske problemer og måtte stå over finalen.

Thomas Eek Murstad, NMK Bø vann crosskart xtreme oppskriftsmessig framfor Sigurd Kilane og Rolf Gangdal, begge NMK Vikedal.

Neste runde i Vestlandsmesterskapet går allereie neste laurdag på Eikås Motorsenter i Bergen. Neste arrangement på Vikedal Motorbane er 2-dagersløpet for bilcross i pinsehelga, 4. – 5. juni. Det blir første generalprøve på Landsfinalen for bilcross som NMK Vikedal skal arrangere i august neste år.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.