Press "Enter" to skip to content

2. runde Vestlandsmesterskapet

Det er duket for 2. runde i Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsportsenter.

Med venteliste og fulle startlister er det forventa stor spenning i bilcross. Løpet er 2. runde i VM og kvallifiseringsløp til Landsfinalen for bilcross junior og senior!

Bilcross junior

I bilcross junior er det Simen Johansen og Julian Helland som stillar til start frå NMK Vikedal. Simen og HM-Sport starta sesongen i Vikedal med ein 7. plass. Han vart ikkje heilt nøgd med startane til Mercedesen og karra seg inn til ein B-finale og enda som nummer 2.
Julian Helland som kjøyrer for Fitjar Racingteam enda rett bak Simen på Vikedal Motorbane. Med to 2. plassar og ein 3. plass er han klar til å fortsetja i same tempo. Det er første gong Julian stillar til start på Eikås Motorsportsenter.

Har Vikedalsførerane det som skal til for å vinna over Erling B Tjelta frå NMK Egersund og Emilie Haukeland frå NMK Bergen som tok henholdsvis 1. og 2. plass på Vikedal Motorbane 2. april?

Bilcross senior

Heile 7 NMK Vikedal førerar stillar til start på Eikås til helga. Det er fleire som ynskjer å kjempa opp ein finaleplass og tar med seg gode resultater frå Vikedal. Tobias Johansen og HM-Sport kjøyrde inn til seier i alle innledande omgongar, men etter litt klabb og babb i finalen enda det med ein 5. plass og solgt bil. Eirik Aasbøe og Aasbøe Motorsport som hadde eit mål om å bli kvitt noko rattrust enda på ein imponerande 4. plass i 1. VM runde. Tobias Bådsvik som også kjøyrer for Aasbøe Motorsport handla seg bil på 1. runden og er råklar for å kjøyre på Eikås.
Østbø Motorsport og brødrene Sigbjørn og Sølve Østbø er det også høge forventingar til. Sølve stilte ikkje til start i forgje runde, men som tidligare meister i Vestlandsmesterskapet er han ein å satsa på. Sigbjørn kjøyrde inn til ein 8. plass i 1. VM runde med noko clutch problem. Om clutch problemet er ordna kan Sigbjørn med ein 6. plass samenlagt i VM 2021 hevda seg til finale på Eikås.

Team kameratane i Fitjar Racingteam, Ole Lønning og Audun Mehammar er også klar til løp. Begge to vart noko uheldig i 1. runde med ein 18. plass for Ole og ein 13. plass for Audun. Dei håpar på ein god heiagjeng som kan motivera dei til ein betre plassering!

Marius Havre fra NMK Bergen fekk ein kanonstart på 1. runde i VM med ein 1. plass. Er det han som stikk av med seieren på Eikås Motorsportsenter?

Tobias Johansen med god start foran Sigbjørn Østbø, Todagarscrossen 2021

Rallycross

I klassene for rallycross er det ingen Vikedalsførerar som stillar til start. I klasse A og klasse C er det kamp om pallplassane. Klasse A (NRC) stillar blant anna Stein Inge Moen frå NMK Grenland og Ernst Robert Heimvik frå NMK Bergen med henholdsvis 1. og 2. plass. Ernst Robert er på heimebane og ynskjer nok å komma øverst på pallen denne gong.

Åsmund Holten som vann første runde i Klasse C (t.o.m. 2400cc) stillar ikkje til start. Det gjør derimot Aleksander Stokke frå NMK Bergen og Jan Håkon Knutsen frå NMK Sunnfjord som enda på 2. og 3. plass på Vikedal Motorbane.

Ta turen til Bergen og Eikås Motorsenter! Løpet startar klokken 10.00 lørdag 9. april.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.