VM-finale lørdag 18. september

Lørdag 18. september er det klart for finale i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross for 25. gong. Det er fortsatt nokre corona-restriksjonar som legg litt avgrensingar for arrangement. Førebels er det sett ei grense på 80 deltakerar totalt, der kvar førar kan ta med seg tre mekanikarar/publikum. Desse reglane vil bli praktisert:

Deltakerar under 18 år kan ta med ledsagar + 2 mekanikerar/publikum
Deltakerar over 18 år kan ta med 3 mekanikerar/publikum
Barn t.o.m. 15 år kjem inn saman med foreldre utan å teljast, men skal registrerast.

Dersom det blir vesentlige endringar i corona-restriksjonane, kan det bli endringar, så følg med her på heimesida.
Det blir også kjørt crosskart, og det er ope for bilcross junior trening.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross
Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding
Uoffisiell startliste