Press "Enter" to skip to content

Pressemelding: Sølve Østbø og Åsmund Holten til topps i VM-finalen

Det vart ein spennande finalerunde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross sjølv om ikkje Vikedal-førerane hevda seg heilt i toppen samanlagt i mesterskapet. Dei gjorde det likevel svært godt i fleire klassar i løpet.

            I bilcross junior var Daniel B. Finnvik, Hebnes, den einaste med bakhjulstrekk i A-finalen med Volvo 245. I kamp med 4 bergenserar og ein egersunder tok han starten, men fleire av dei litt meir lettkjørte framhjulstrekkerane tok seg etter kvart forbi Finnvik. Han vart til slutt nr. 5, medan Lasse Aaberg, Bergen, gjekk til topps framfor Erling B. Tjelta, Egersund. Ingrid Dybvik Jensen, Torvastad, vart nr. 8 medan Vebjørn Hustoft, Skjold, vart nr. 10 i sitt tredje løp. Samanlagt i VM gjekk Nikolai Karlsen, Bergen, til topps etter 3. plass i finalerunden. Lasse Aaberg vart nr. 2 og Thomas Tofting nr. 3, begge frå NMK Bergen. Daniel B. Finnvik og Ingrid Dybvik Jensen vart nr. 10 og 11 som beste NMK Vikedal-førerar, men har berre kjørt rundane i Vikedal.

Sølve Østbø var suveren i bilcross senior i finaleløpet med sin VW Golf. Han vann alle innleiande omgongar og leia A-finalen frå start til mål. Han fekk og bonuspoeng for beste tid i alle omgongane. Bjørn Cato Aarekol vann B-finalen, men måtte gi tapt i A-finalen og nøya seg med 6. plass i sin Volvo 245. Tobias Johansen, Ølensvåg, kjørte inn til ein fin 10. plass i sin Toyota Corolla. Jakob Hansen, Bergen, vann samanlagt i VM framfor Jan Håkon Knutsen, NMK Sunnfjord, og Anders Myking, NMK Bergen. Sølve Østbø vart beste NMK Vikedal-førar på 4.plass, 1 poeng bak 2. og 3. plass. Dei andre NMK Vikedal-førerar som gjorde det best i samandraget var Sigbjørn Østbø på 6. plass, Ole Lønning på 7. plass og Tobias Johansen på 9. plass.


Sølve Østbø var suveren i bilcross og vann framfor Tor Helge Knutsen, NMK Sunnfjord og Jakob Hansen, NMK Bergen.

I rallycrossklasse C, inntil 2400 ccm, var Åsmund Holten suveren heile dagen. Han vann alle omgongane rundt 4 sek. framfor dei andre, og var heller ikkje truga i finalen. Lars Reidar Frøyland, Tysværvåg, tok ein litt heldig andreplass i sesongdebuten. Sidan begge desse berre har kjørt ein runde i VM kunne dei ikkje hevda seg der. Atle Teigland gjekk til topps samanlagt framfor Krister Bratli og Martin Veseth, alle NMK Bergen.


Åsmund Holten gjekk til topps i klassen for rallycross t.o.m 2400 ccm framfor Lars Reidar Frøyland og Atle Teigland.

Håvard Helland, Fitjar, kjørte sitt første løp for sesongen, og gjekk heilt til topps, etter at VM-vinnaren, Arild Reiakvam, NMK Sunnfjord, fekk tekniske problemer før ein runde var kjørt i finalen.


Håvard Helland hadde litt flaks og vann rallycross over 2400 ccm framfor Arild Reiakvam og Ivan Kalleklev.

I gjesteklassen Crosskart Xtreme vann Glenn Olav Lothe framfor Rolf Gangdal, begge frå Ølen.

VM-finalen gjekk utan ordinært publikum, men på klubbløpet 16. oktober håpar NMK Vikedal det skal bli opna opp slik at alle som vil kan få vera publikum og oppleva spennande motorsport.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.