Press "Enter" to skip to content

Løpet 8. mai er gjort om til klubbløp

Pga. fortsatt restriksjonar på arrangement med deltakerar utanfor eigen kommune, blir det planlagte løpet lørdag 8. mai gjort om til klubbløp. I restriksjonane står det følgjande: «Arrangementer som samler personer fra ulike kommuner, anbefales utsatt eller avlyst.»

Me har fått aksept frå kommunelegen til å arrangera klubbløp, dvs. kun for medlemmer av NMK Vikedal primært busett på Haugalandet (i praksis mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden).

Som kjent kan det i 2021 arrangerast 3 klubbløp utan bud, så det er berre å gjera bilane klar til kontroll og trening før løpet. Opplegget for løpet er ikkje klart enno, men om det er interesse for det kan det kanskje setjast opp ein klubbløpscup.

Meir informasjon kjem snart.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.