Klubbløp lørdag 8. mai

Seint, men godt, sjølv om tilleggsreglane ikkje er heilt klar enno. Me håpar at iallefall ein del har fått godkjent bilane og er klar til start. I tillegg blir det opna for litt enkel trening for drifting-bilar. Påmeldingsfristen er kort, søndag 2. mai kl. 23:55, for at komiteen skal få plassert vakter og evt. skaffa meir folk til nødvendige oppgåver. Minn gjerne andre på den korte fristen slik at flest mogleg blir med.

Påmelding

Førebels startliste

Her er tilleggsreglane og litt info. for dei som vil trena drifting:

Tilleggsreglar – bilcross

Tilleggsreglar – crosskart

Tilleggsreglar – rallycross

Informasjon om drifting trening

(oppdatert 1. mai kl. 23:55)

Nye oppdateringar 3. mai kl. 20:50:

Det er ikkje alle førerane som har brukt sine 5 mekanikar/publikumsplasser, så det er rom for at kvar førar kan ha med seg 7 personar (barn inkludert). Tillegg og evt. endringar på namna som er meldt inn som mekanikar/publikum kan gjerast på e-post til vakt(a)nmk-vikedal.net.

For å gjera det litt meir interessant, vil det bli arrangert cup for dei to klubbløpa som er fastsett. Det kan koma eit løp til, avhengig av covid-19 utviklinga. Det blir gratis årskort for trening i 2022 til dei 3 beste i BC jr, BC, og den beste i RC, Speedcar og crosskart.
Vandrepokalen i BC vil fortsatt bli utdelt basert på resultatet i klubbløpet i oktober som tidligare.

Nye oppdateringar 6. mai kl. 21:10:

Dugnadslista der alle deltakerane har fått oppgåver ifm. løpet finn du her…..

Alle deltakerane må og hugsa å betala startkontingenten som det står i tilleggsreglane. Treningsavgifta for drifting er 200,- kr. som det står i drifting-infoen. Hugs eingongslisens for bil/førar om du ikkje har det. Det er heller ikkje alle som har sendt bilde av alle lisensar/medlemskap.