Press "Enter" to skip to content

Foreldrekontakt og planar for MX-skulen

Ingrid Haugen frå Sandeid (og Leikanger) er ny foreldrekontakt for MX skulen.

Aktiviteten på MX-skulen har vore kontinuerleg god sidan den opna i 2019 og opplegget har hat stor nytte av engasjerte foreldre heilt frå sjølve opningsdagen. No vil klubben nytte foreldra for å ta konseptet vidare. Ingrid har skaffa seg ein del erfaring frå andre MX miljø og ynskjer å sjå på muligheten for å auke både innhald og lagånd eit nytt hakk gjennom konkrete tiltak.

Ei forbetring som er prioritert er utvikling av juniorbanen både i lengd og form. Det er viktig at denne får både høgre og venstresvingar. Den kan og ha nytte av moment som er noko meir krevjande. Vidare ynskjer foreldra å få til ei tryggare  avkorting av hovudbanen for 50 og 65cc klassane. Begge deler er det søkt midlar for frå ymse program. Det er og søkt om finansiering av ein eller to større, 125 kubikk syklar slik at skuletilbodet kan utviklast til gruppa frå 13 til 16år. Ingrid vil og sjå på treningsdagar med leia trening og instruktør. Her har klubben ein del fullt kapable, eigne resursar.

Forslag til oppgradert juniorbane. Gul linje er omkøyring medan invendig sløyfe får to haugar og to venstresvingar.

Vindafjord kommune ynskjer eit organisert opplæring- og treningstilbod med utgangspunkt i Vikedal motorbane velkomen. Dei er spesielt opptatt av å bidra til eit tilbod som når gruppene frå 6-13 og 10 til 13år. Tilbod for desse gruppene er spesielt utfordrande fordi det krev ein inngangspris som ikkje er diskriminerande økonomisk. Resultata frå MX-skulen så langt viser at den kan møte dette kravet. Kommunen kan og tenkje seg å vise fram tilbodet i ein interkommunal samanheng for å styrke finansieringa. Då er det viktig å vera representerte i fleire ledd, noko som Ingrid vil bidra til.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.