Ny dugnad onsdag 16. sept. frå kl. 17:00

Få frammøtte på lørdagsdugnaden, gjer at det må til ein ny dugnad på onsdag der me håpar på betre frammøte for å blir klar til løpet.
Arbeidsoppgåvene blir:

  • Kantklypping (ta gjerne med kantklyppar med trekant-/sagblad og evt. motorsag)
  • Oppsett av banemarkeringar (plastrøyr)
  • Oppsjekk av gjerde mot depot (reparasjonar/banka ned pålane)
  • Rydding av rivningsmaterialer og anna boss
  • Rensking av takrenner (kan evt. setja poteter der til våren 🙂 )
  • Slodding av depotet (slodd står å ventar på ein bil til å dra)
  • Merking av startplate og banekantar
  • Sikring av målpost (montering av armeringsmatte til skjerming)
  • Steinplukking (ta gjerne med tilhengar for å få kjørt dei bort)
  • Oppsett av skøytekumme ved gamle speakerbu
  • Generell rydding og vask
  • Forskaling og støyping av kurbs.

Enkelte ting kan gjerast før dersom det passar betre for DEG. Avtal då nærmare med Michael på tlf. 979 53 515. Me passar på å takka dei som møtte på dugnaden lørdag, Bjørn Vikedal, Sindre Vikedal, Sondre Åsheim, Simen Johansen, Tobias Johansen, Svein Erik Østbø og Michael Jensen.