Press "Enter" to skip to content

Dugnad lørdag 12. september

Det gjenstår ein del arbeid før anlegget er klart til løp neste helg, så det blir dugnad i morgon, lørdag 12. september frå kl. 10:00.

Det veks godt i kantane, så det må gjerast ein jobb med klypping og saging for å få betre sikt. Me har nokre kantklipperar, men om nokon kan ta med ryddesag og motorsag er det veldig bra.
Det skal gjerast ei oppfrisking av dekkbarrierar og nokon av dei skal byttast ut.
Depotgjerdet skulle hatt ein oppsjekk.
I tillegg er det ein del rydding og klargjering ellers som skal gjerast.

Har du spørsmål, kan du kontakta leiar i anleggskomiteen, Michael Jensen, på tlf. 979 53 515.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.