Vått, men spennande klubbmesterskap

Våte og vanskelege forhold på Vikedal Motorbane skapte mykje dramatikk i klubbmesterskapet til NMK Vikedal som gjekk lørdag. På Vandrepokalen i bilcross kom det enno eit nytt namn, så ingen har så langt klart å få to napp i den.

Ein nøgd Oliver Andrè Matre på toppen av pallen med vandrepokalen.

Bjørn Cato Aarekol, som har hatt ein sterk sesong og i bilcross junior, prøvde seg i ei VW boble denne gongen. Det var nok ei litt blanda erfaring på det glatte føret. Dei første 2 omgongane gjekk bra med seier og bonus for beste omgongstid. Men i tredje omgong vart satsinga litt i overkant med snurring som resultat. I A-finalen tok han starten, men ei ny snurring opna for B-finalevinnaren, Sondre Åsheim, og Daniel B. Finnvik, som vann alle sine heat før finalen. Åsheim og Finnvik hadde ein tett kamp resten av finalen, men i ein av dei siste svingane smatt Finnvik forbi og kjørte inn til seier. Åsheim berga andreplassen framfor Ingrid Dybvik Jensen. Deretter kom Simen Johansen, Bjørn Cato Aarekol og Mikal Byrkjedal Finnvik.

I A-finalen for seniorane var fam. Østbø representert med far, Per-Gaute, og sønene Sigbjørn og Sølve. Men det var Stian Espevoll som var raskast i starten i si spesielle boble med Toyota-motor. Oliver Andrè Matre følge på før tre blad Østbø. I andre sving skleid Espevoll ut, og måtte sleppa forbi seg Matre og etterkvart heile fam. Østbø. Slik heldt stillinga seg, og i motsetning til i fjor, heldt bobla til Matre heilt til mål. Dermed var det Oliver Andrè Matre som fekk eit napp i vandrepokalen i år. Familien Østbø fordelte seg etter alder med Per-Gaute på andre-, Sigbjørn på tredje- og Sølve på fjerdeplass. Hallvard Finnvik tok femteplassen framfor Stian Espevoll.

Reimers og Nilsen til topps i motocross      

Motocrossklassen 85 ccm kjørte berre ein omgong pga. ein del overvann i nokre svingar. Theodor Reimers vann framfor tremenningen, Morten Reimers, og Kristian Halleraker. Theodor Reimers har delteke i alle rundane i Vestlandsmesterskapet i år, og sikra seg fjerdeplass samanlagt der.

Theodor Reimers til topps i MX 85 framfor Morten Reimers og Kristian Halleraker.

I klassen 125+ ccm vann Kjetil Nilsen klart begge heata. Åsmund Holten var litt truga av Knut Stian Bjørkhaug i det andre heatet, men sikra seg andreplassen i begge og andreplass samanlagt. Bjørkhaug tok tredjeplassen framfor Geir Utaaker.
Kjetil Nilsen var suveren i MX 125+, men kjører og med litt større motor enn dei andre. Åsmund Holten og Knut Stian Bjørkhaug kom nærmast.

Komplette resultatlister finn du her:

Bilcross junior
Bilcross
Motocross