Påmelding til sprintløpet og VM-finalen

Hausten er på gong, og det er klart for sprintløp og finalen i Vestlandsmesterskapet 2019. For å gjera det enklare for arrangør og deltakerar, er påmeldinga delt for lørdag og søndag. Dei som ønskjer å delta både lørdag og søndag, må altså melda seg på to gonger. Ta kontakt med løpsleiar om nokon vil kjøra crosskart, så skal me prøva å få det til.
I Vestlandsmesterskapet er to av mesterane klare, men det er tett i dei andre klassane. Uansett er det viktige bonuspoeng å henta for dei som deltar i sin fjerde eller femte VM-runde.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – bilcross 
Tilleggsreglar – rallycross
Påmelding til sprintløpet lørdag (parallellrace)
Foreløpig startliste lørdag (startnr. kan bli endra)
Påmelding til VM-finalen søndag
Foreløpig startliste søndag (startnr. kan bli endra)

Vi minner om at førerar som kjører på eingongslisens ikkje er med i konkurransen eller kjem til finalar. Ønskjer ein å kjøpa eingongslisens ved innsjekk, skriv ein «Eindagslisens» i feltet for førarlisensnr.