Press "Enter" to skip to content

Lykkeleg vinnar av bilcrossbilen

Stian Haukeland frå Sæbøvågen i Radøy vart den lykkelege vinnar av bilcrossbilen i NMK Vikedal sitt lotteri 2019. Han lovte, mer eller mindre under press, å stilla til start med den i klubbløpet til NMK Bergen 12. oktober. I tillegg vann han ein drill på eit heil anna lodd.
Trykk på les meir for å sjå komplett liste over vinnerane, og bilde av dei som var tilstades og fekk overrekt gevinsten rett etter trekninga.

 

  1. premie – BMW bilcrossbil m/utstyr, verdi kr. 20.000,- – Loddnr. 0839    Stian Haukeland, Sæbøvågen
  2. premie – Reisegåvekort, kr. 5.000,- – Loddnr. 1082    Terje Heggøy, Fitjar
  3. premie – Reisegåvekort, kr. 3.000,- – Loddnr. 1152    Håvard J. Pedersen, Ølen
  4. premie – Elektrisk lekebil, verdi kr. 1.600,- – Loddnr. 0904    Sondre H. Eikeland, Ølensvåg
  5. premie – Drill, verdi kr. 1.500,- – Loddnr. 1049    Stian Haukeland, Sæbøvågen
  6. premie – Radiostyrt bil, verdi kr. 800,- – Loddnr. 0265    Sølve Østbø, Ølen
  7. premie – Bilpleieprodukter, verdi kr. 500,- – Loddnr. 0455    Tormod Markhus, Ølen

Alle vinnerane er kontakta og har fått overlevert gevinstane.

Me takkar alle som har kjøpt lodd i lotteriet og med det støtta arbeidet som NMK Vikedal gjer for motorsporten.
Me takkar samstundes alle flinke loddseljerar som har seldt rett under 1.800 lodd. Tusen takk til alle.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.