Press "Enter" to skip to content

Klart for klubbløpet 2019 for alle klassar

Last updated on 2. oktober 2019

Det er klart for klubbløpet 2019 og eit napp i vandrepokalen for vinnaren i bilcross. Fjorårsvinnaren, Joakim Bruland, starta sesongforberedelsane for ei veke eller to, og satsar nok på å forsvara ein litt heldig seier i sorpeløpet i fjor. Det er ikkje ofte 2 bilar stoppar i siste sving. Me kan ikkje garantera fint ver i år heller, men håpar på best mulig. Spennande blir det uansett i alle klassar, om det er bilcross jr, bilcross, crosskart, rallycross eller motocross.
Merk at ordinær påmeldingsfrist er onsdag 2. oktober. Etter det er det ekstra gebyr.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – bilcross 
Tilleggsreglar – crosskart 
Tilleggsreglar – rallycross 

Påmelding til klubbløpet
Deltakerar i klubbløpet

(Tilleggsreglane er oppdatert med korrekt lisensnr.)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.