Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Sesongopning og første VM-runde for BC/RC

Etter ein lang vinter er me no endeleg klare for ny sesong og VM-opning for bilcross og rallycross lørdag 4. og søndag 5. mai. I tillegg til bilcross- og rallycrossklassane er det opna for crosskart.
Hugs at me har gratis påmelding for BC/RC junior og crosskart mini/85 ccm.
Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.
Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn vakt til kvar dag saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS i midten av veka før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid. Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.

Tilleggsreglar – bilcross

Tilleggsreglar – rallycross

Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding

Uoffisiell startliste

Comments closed