Endeleg klart for sesongens høgdepunkt

Då er det endeleg klart for påmelding til sesongens høgdepunkt, 2-dagarscrossen i Vikedal. Etter blesten som vart laga rundt den i fjor, satsar vi enno høgare i år. Heile løpet blir strømma på TV Haugaland (www.tvh.no). Det kan kanskje bli snakk om eigen V8-klasse, ettersom det allerede er meldt om to stk med dette. Det går og rykter om mange andre heftige bilar til start.
Som vanleg er det kvalifisering til NMKs Landsfinalar for junior og senior.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – bilcross
Påmelding
Foreløpig startliste (startnr. kan bli endra)

Endeleg startliste med korrekte startnr.

Vi minner om at førerar som kjører på eingongslisens ikkje er med i konkurransen eller kjem til finalar. Ønskjer ein å kjøpa eingongslisens ved innsjekk, skriv ein «Eindagslisens» i feltet for førarlisensnr.