Press "Enter" to skip to content

Dugnad lørdag 22. juni kl. 10:00

Sidan skuffande få bilførerar skal delta på 3. VM-runden i Bergen til helga, reknar me med at alle andre aktive førerar (og andre) stiller på dugnad lørdag 22. juni frå kl. 10:00 og utover. Det er klargjering til Todagarscrossen som er viktigast. Sidan det blir dekning på TV Haugaland, er det viktig at skråningar og plenar blir klypt, så anlegget er presentabelt. Klubben disponerer plentraktor og minst ein kantklyppar, så om nokon kan ta med vanleg plenklyppar, plentraktor, kantklyppar (helst med trekant-blad) og kanskje ryddesag (hugs verneutstyr), vil det vera kjempebra. Dess meir utstyr, dess raskare går det å bli ferdig.
Og motocrossførerar er sjølvsagt og hjerteleg velkomne.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.