Press "Enter" to skip to content

Pressemelding: Sølve Østbø til topps i bilcross i Egersund

Sølve Østbø frå NMK Vikedal gjekk heilt til topps i den 2. runden i Vestlandsmesterskapet for bilcross på Egersund Motorsenter søndag. Klubbkamerat Bjørn Cato Aarekol kjørte inn til sjuandeplass i bilcross junior, og rallycrossførerane frå NMK Vikedal nådde heller ikkje pallplass denne gongen.

Sølve Østbø til topps i Egersund framfor Jan Ola Kile, KAK, og Eivind Nevland, NMK Egersund.

Men i bilcross var Sølve Østbø suveren heile dagen. I dei innleiande omgongane vart det tre heatseierer, sjølv med ein påkjørsel bakfrå i tredje omgong som laga litt arbeid før finalen. I finalen kom han ut som nr. 2 bak ei startrask boble, men etter 2 rundar var han forbi og kunne kontrollera seieren inn til mål. Dermed leiar han Vestlandsmesterskapet etter 2 rundar med 33 poeng, framfor Sondre Hundseid Eikeland, 20 poeng, og Sverre Hundseid, 17 poeng. Sverre Hundseid vart for øvrig nr. 15 i Egersund etter at han braut D-finalen pga. ei punktering.

Vinnarbilen til Sølve Østbø var dessverre ein av fleire bilar frå Vikedal som vart seld etter løpet.

I bilcross junior kjørte Bjørn Cato Aarekol inn til ein første- og to andreplassar i dei innleiande omgongane, noko som gav plass i B-finalen. Der kjempa han lenge om opprykk til A-finalen, men eit par småfeil gjorde at det vart sjuandeplass på Aarekol. Det heldt likevel til leiing i Vestlandsmesterskapet for junior og å bli kvalifisert til NMKs Landsfinale på Konsmo i august. Det er likevel usikker om han stiller der, ettersom han satsar mest på NM i crosskart i år. 1. runde i NM går for øvrig i Kristiansand til helga.

Bjørn Cato Aarekol kjørte inn til sjuandeplass i sin godt brukte Volvo 240

Oliver Andrè Matre hadde fått justert motoren og kjørte sitt første rallycrossløp i Egersund. Det heldt til ein fin femteplass. Michael Jensen hadde ikkje marginane på si side og vart nr. 7. Samanlagt i Vestlandsmesterskapet for klassen over 2400 ccm leiar Karoline Breivik, NMK Bergen, med 35 poeng framfor Michael Jensen med 27 poeng og Oliver Andrè Matre med 25 poeng.

Tredje runde av Vestlandmesterskapet går i Bergen 22. – 23. juni.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.