Sesongopning for bilcross, crosskart og rallycross lørdag 4. mai.

Då er det endeleg klart for påmelding til sesongopninga og første runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross, crosskart og rallycross i Vikedal. For jentene er det verdt å merka seg at det blir eigen dameklasse i VM dersom det er meir enn 5 til start i den første runden. Dessverre var det ikkje nok i fjor, men kanskje det blir det i år.
I fjor kom påmeldingane inn veldig seint, noko som gav utfordringar for løpskomiteane. Rundt 50% av påmeldingane kom inn dei 3-4 siste timane før fristen gjekk ut. I år er dermed fristen nokre dagar tidligare, for dette løpet er den onsdag 24. april kl. 24:00.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – rallycross
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding

Foreløpig startliste (startnr. kan bli endra)