Press "Enter" to skip to content

1. runde i VM og opning av nybygg på Vikedal Motorbane lørdag (Pressemelding)

Last updated on 1. mai 2019

Oliver Andrè Matre (t.h.) vann Vestlandsmesterskapet i bilcross i fjor, men salar om til rallycross i år. Sølve Østbø vart nr. 3 i fjor, men satsar på å klatra oppover i år.

Komande lørdag er det endeleg klart for sesongopning på Vikedal Motorbane. Sesongopninga er første runde av seks i Vestlandsmesterskapet 2019, og i tillegg er det gjesteklasse for crosskart.I bilcross junior gjer aldersgrensene at nokon går opp til senior, og nye unge kjem til. Dermed vil det nok vera dei eldste og mest erfarne som må finna seg i å vera favorittar. Blant dei er Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal. Han har kjørt crosskart i fleire år, og starta med bilcross junior i tillegg i fjor. Med seier i finalerunden i VM i Vikedal i september nådde han fjerdeplassen samanlagt. I år er pallen målet, men det blir hard konkurranse frå bergenserane, som alt har kjørt si sesongopning.
Brødrene Sigbjørn og Sølve Østbø frå Ølen fekk ein god sesongdebut i Bergen før påske, og kvalifiserte seg til NMKs Landsfinale for bilcross på Gardermoen i august. Sigbjørn vart nr. 6 og Sølve nr. 3, og dei satsar nok på å kjempa om ein plass i A-finalen til helga.

Bilen til Sølve Østbø vart seld etter sesongopninga i Bergen, så nå stiller han i ein VW Passat.

Eit anna brødrepar som kan hevda seg i toppen er Sondre og Thomas Hundseid Eikeland. Sondre var i fleire A-finalar i fjor, og Thomas har fått eit års erfaring frå seniorklassa. Ellers er det fleire jenter som godt kan blanda seg inn i teten. Både Heidi Steine, Suldalsosen, Lena Haugland Rønnevik, Ølmedal, og Amalie Rønnevik, Vikedal, var i B-finalen i ein av VM-rundane i fjor.

Rallycross
Rallycrossklassane har 19 påmeldte, med flest i klassen tom. 2400 ccm. Der er hardtsatsande Daniel Holten frå Vikedal påmeldt, men under trening sist helg fekk han motorproblemer, så det er litt usikkert om han kan delta. NM-rundane startar alt helga etter på Konsmo, så han skulle nok absolutt hatt ei god gjennomkjøring i Vikedal. Dermed kan Lars Reidar Frøyland, Tysværvåg, bli den einaste lokale i denne klassen. Han har skifta ut sin Volvo S40 i klassen over 2400 ccm med ein nyinnkjøpt Ford Escort i klassen tom. 2400 ccm. Han har tidlegare hatt suksess med Escort i denne klassen, så det blir spennande å sjå om han får til det same med den nye bilen.
I klassen over 2400 ccm debuterer Oliver Andrè Matre, Fitjar, i rallycross i ein Volvo 940. Han skal bryna seg m.a. på fjorårets VM-vinnar, Håvard Helland, Fitjar, og Michael Jensen, Skjold. I tillegg kjem Karoline Breivik, frå NMK Bergen og Os.

Oliver Andrè Matre (t.h.) melder overgong til rallycross, medan Sølve Østbø fortset i bilcross.

NRC-klassen går utan lokale deltakerar, men 3 bergenserar skal konkurrera her. I sesongopninga i Bergen var det veteranen Kåre Bilsbak som gjekk til topps, men Ernst Robert Heimvik hadde ny, betre på gang til Vikedal, så her kan det bli kamp. Ein skal heller ikkje avskrive Randi Karin Breivik, bestemor til Karoline Breivik i klassen over 2400 ccm.

Crosskart
I gjesteklassane crosskart 650 og Xtreme er det totalt 4 deltakerar. Bjørn Cato Aarekol, Vikedal, og Ingve Andrè Strand, Fitjar skal gjera opp om kven som er best i 650-klassen. Bjørn Cato sesongdebuterte i Kristiansand forrige lørdag med å vinna det løpet, så han har kanksje eit lite overtak i den kampen. Atle Teigland, Osterøy, debuterar i crosskart i tillegg til å kjøra bilcross, og har lånt «reserve-karten» til Ingve Andrè. Over fjellet frå Notodden kjem Thomas Eek Mustad med sin crosskart Xtreme for å testa banen før NM-runden i Vikedal som går i pinsehelga.

Bjørn Cato Aarekol vann sesongopninga i Kristiansand for crosskart 650 ccm forrige lørdag.

Under sesongopninga vil det og bli opning av det nye garderobeanlegget og klubblokalet til nær 4,5 mill. som er sett opp på Vikedal Motorbane i løpet av vinteren. Denne storsatsinga frå NMK Vikedal vil gi betre forhold både for deltakerar og publikum.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.