Spørjeundersøking – budpris, dugnad, årsmøte osv.

Bilsportforbundet skal vurdera budprisen i bilcross, og har bedt klubbane spørja dei aktive kva dei meiner. Prisen er i dag 9.000,-, og dei ønskjer svar på om den er passeleg eller bør aukast, evt. kor mykje. Spørjeskjema for dette blir utdelt på innsjekk på søndag og skal leverast der, gjerne anonymt. Dei som har vore aktive i år, men som ikkje deltek i klubbmesterskapet, får tilsendt skjemaet på e-post i dag og må returnera det innan søndag kl. 16:00. Det er berre aktive bilcrossførerar som skal svara på dette.

Samstundes nyttar klubben høve til å få svar på nokre spørsmål. Det viktigaste er rundt dugnad i samband med nybygget. Vi håpar å få fordelt litt dugnad på så mange som mulig. I den forbindelse treng vi å vita litt om kva du har lyst til å bidra med, om du kan delta i normal arbeidstid (har skiftarbeid, jobbar turnus eller er pensjonist), om du er fagarbeidar og kontaktinformasjon (e-post/tlf.). Dette skjemaet gjeld ikkje berre aktive bilcrossførerar, men alle interesserte, medlem eller ikkje. Har du lyst til å bidra med dugnad, vil vi svært gjerne vite om det. Skjema vil liggja tilgjengeleg i klubbrommet/innsjekk på søndag. Dei som ikkje kjem på motorbanen på søndag, kan skriva ut skjemaet frå linken under, og returnera det på e-post til vakt@nmk-vikedal.net

Spørjeskjema for dugnad, årsmøte osv.. (pdf-format).

Spørjeskjema  .. (Word-format).