Press "Enter" to skip to content

Påmelding til klubbmesterskapet

Då er det klart for påmelding til årets klubbmesterskap for bilcross, crosskart, rallycross og motocross. I seniorklassa er det kamp om eit napp i vandrepokalen som Sølve Østbø har hatt ståande det siste året. Året før var det Eirik Sandvik som hadde den. Kanskje den får ein ny heim det neste året?
Nytt av året er at dei 3 beste kvinnene blir premiert, uansett om det blir dameklasse eller ikkje. Det er og ope for trening for dei juniorane som har deltatt på fleire ordinære treningar i løpet av sesongen.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte eller forskjellige personar dei to dagane, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross

Påmelding til løpet, også for motocross

Foreløpig startliste

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.