Press "Enter" to skip to content

Klubbmesterskapet 2018

Klubbmesterskapet 2018 vart ein litt amputert og våt konkurranse. Motocross og rallycross la nesten bokstavleg talt inn årene, medan bilcross og crosskart vart kjørt under vanskelege forhold. Alle sleit med å få feste og ein del med å få bilane til å tole alt vatnet.

Bjørn Cato Aarekol vart dobbel klubbmester ved å vinna både crosskart og bilcross junior.

Etter ein dramatisk A-finale for bilcross var det Joakim Bryland som fekk eit napp i vandrepokalen. Oliver Andrè Matre låg først i A-finalen framfor Eirik Sandvik. Når Oliver Andrè svinga inn i alternativsporet, skulle Eirik følgd etter, men fortsette i det ordinære sporet. Dermed kom han først i mål, men hadde ikkje vore i alternativsporet og vart plassert sist i finalen. Om ikkje det var nok, stoppa bobla til Oliver Andrè i alternativsporet, og dermed låg vegen open for Joakim Bruland til å sikra seg seieren. Heidi Steine vart nr. 2, Hallvard Finnvik nr. 3 og Sverre Hundseid nr. 4.

Resultater, bilcross jr. og crosskart
Resultater, bilcross damer
Resultater, bilcross

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.