Press "Enter" to skip to content

Pressemelding før VM-finalen: NMK Vikedal-førerane til kamp om VM-titlane

NMK Vikedal-førerane til kamp om VM-titlane
På søndag er det klart for finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane, og førerane frå NMK Vikedal er med i kampen i fleire av klassane, både i bilcross og rallycross. Som oppvarming blir det kjørt parallellrace lørdag, der førerane kjempar mot kvarandre to og to rundt banen.

Sølve Østbø (t.v) gjekk til topps i forrige VM-runde i Bergen siste helg framfor Oliver Andrè Matre.

Fitjar-jenta Ailin Vik leiar i bilcross junior med fire poeng på Thomas Tofting frå NMK Bergen. Jakob Hansen, NMK Bergen, har og ein liten mulighet til å vinna samanlagt, men kampen kjem nok til å stå mellom Vik og Tofting. På grunn av at to løp kan strykast, må begge desse helst vera på pallen for å auka poengsummen sin. Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal ligg på femteplass, og kan i beste fall rykkja opp ein plass. Suldølane Tor Steine og Mikal Byrkjedal Finnvik har gjort det godt på heimebane i Vikedal tidlegare i år, men har ikkje kjørt rundane i Bergen og er sjanselause samanlagt. Men i løpa til helga er dei blant favorittane.

Ailin Vik kryssar fingrane for at Opel Astraen fungerer som den skal i helga.

Forrige helg i VM-runden i Bergen vann Sølve Østbø frå Ølen bilcrossklassen framfor Oliver Andrè Matre, Fitjar. Samanlagt i VM leiar derimot Oliver Andrè 3 poeng framfor Marius Havre, NMK Bergen, som begge har hatt ein sterk sesong. Oliver Andrè toppa det med ein strålande niandeplass i Landsfinalen i Verdal i august. På søndag må Marius Havre vinna for å gå til topps. Dersom Oliver Andre Matre tek andreplassen vil dei ha like mange poeng, men Havre gå forbi på best resultat i finalen. Blir Oliver Andre tredjemann eller dårlegare, vinn Havre med to poeng. Sølve Østbø ligg på femteplass i samandraget, men med optimalt resultat, kan han ta tredjeplassen samanlagt. På sjetteplass, tre poeng bak, ligg broren, Sigbjørn Østbø.

Vinnarbilen til Sølve Østbø vart seld i Bergen, så nå stiller han i ein VW Passat.

I rallycross inntil 2400 ccm er det ingen NMK Vikedal-førerar med i kampen om pallplassane, Tonny Tufte ligg best til før finalen, men må sjå opp for Joachim Braathen, begge NMK Bergen, som har ein liten mulighet til å gå til topps. Ølensbuen Kenneth Johansen ligg på tredjeplass etter seier i forrige runde, men prioriterer NM-runden neste helg og står over løpet i Vikedal. Dermed vil han nok falle utanfor pallen. Men Sandeidbuen Anders Lint Moland kan blande seg inn i tetkampen i løpa. I tillegg skal det bli spennande å sjå kva Thomas Nonslid får til i comebacket med sin Porsche. Karmøybuen Frode Fresvik Lindstrøm gjer og comeback i ei VW Boble i denne klassen.

Jan Kåre Frøyland frå Tysværvåg var nok litt letta etter at han gjekk til topps forrige helg i runden i Bergen. I forrige VM-runde i Bergen i juni smalt han skikkeleg i rekkverket og fekk store skader på bilen. No har han teten samanlagt i rallycross over 2400 ccm. Men bak lurer ringreven Håvard Helland frå Fitjar, som stod over runden i juni, og dermed kan leggja til alle poenga han oppnår i helga. Dermed bør Frøyland helst vinna søndag om han skal sikra seg VM-tittelen. Ellers er det store muligheter for at den hamnar på Fitjar hjå Håvard Helland.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.