Press "Enter" to skip to content

Pressemelding etter nest-siste VM-runde i Bergen

NMK Vikedal-førerane til topps i bilcross og rallycross
I den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross, som vart arrangert på Eikås Motorsenter i Bergen lørdag, vart gjorde NMK Vikedal-førerane det svært godt.

I bilcross junior kom Ailin Vik, som leiar VM, og Bjørn Cato Aaarekol til A-finalen. Der kjempa dei tett om andreplassen, men øydela for kvarandre med ein smell i ein sving. Dermed vart Bjørn Cato nr. 4 og Ailin nr. 5. Thomas Tofting, NMK Bergen, vann løpet og gjekk opp på andreplass i VM, berre 4 poeng bak Ailin Vik. Bjørn Cato er nr. 5 samanlagt.

I bilcross vann både Oliver Andrè Matre og Sølve Østbø alle sine omgongar. I A-finalen tok Oliver Andrè starten med Sølve like bak. Men det var Sølve som til slutt gjekk til topps etter at Oliver Andrè kanskje tok det litt for forsiktig inn i alternativsporet, nok til at Sølve smatt forbi. Samanlagt i VM leiar no Oliver Andrè 3 poeng framfor Marius Havre, NMK Bergen, som vart nr. 3 lørdag. Det er desse kampen om Vestlandsmester-tittelen står. Sølve Østbø ligg på 5. plass samanlagt, men har mulighet til tredjeplassen med eit godt resultat i finalen. Sigbjørn Østbø vann to av sine omgongar, men vart ståande etter eit samanstøt i siste omgong. I B-finalen kjørte han inn til andreplass, og vart med det nr. 6 i løpet. Han ligg på og på 6. plass samanlagt.

 

I rallycross inntil 2400 ccm sleit Kenneth Johansen med clutchproblemer, og måtte stå over første omgong. Men han fann ut av det, og vann dei to neste omgongane. I A-finalen vart det ein tett kamp med Tonny Tufte, NMK Bergen, som Kenneth gjekk seirande ut av. Dermed rykka han opp til tredjeplass i samandraget. Tonny Tufte leiar samanlagt med Joachim Braathen 9 poeng bak.

 

 

 

Tett kamp vart det og i klassen over 2400 ccm der Jan Kåre Frøyland gjekk til topps framfor Håvard Helland, som var raskast i dei innleiande omgongane. Karoline Breivik, NMK Bergen, vart nr. 3. Samanlagt leiar Jan Kåre med 3 poeng på Karoline, men 10 poeng bak lurer Håvard som har stått over ein runde i Bergen, og som dermed ikkje mister poeng når ein runde skal strykast i samandraget.

Finalen går i Vikedal kommande helg, og ingen Vestlandsmestrar er klare før finalane er i mål på søndag.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.