NMK Vikedal-førerane tok 3 VM-titlar

Ailin Vik er første jente som har vunne Vestlandsmesterskapet sidan bilcross junior kom inn i 2005.

På søndag gjekk finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane under våte og vanskelege forhold. Førerane takla det på imponerande vis, og tre NMK Vikedal-førerar, alle frå Fitjar, kan smykke seg med VM-tittel.

Resultater frå søndag:
Bilcross junior
Bilcross
Rallycross

Les meir av pressemeldinga og sjå bilder ved å velga «Les meir»

Ailin Vik, Fitjar, klarte å kjøra inn til tredjeplass i finalen, og sikra seg dermed VM-tittelen i bilcross junior framfor Jakob Hansen og Thomas Tofting, begge NMK Bergen. Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal, som vann finaleløpet suverent, tok fjerdeplassen i VM. Hroar Guldhav, Vikedal, tok sjetteplass i finaleløpet, og Tor Steine, Suldal, same plassering i VM. Mads Skjæveland, NMK Sandnes & Jæren, vann lørdagens sprintløp framfor Ailin Vik og Bjørn Cato Aarekol.

Ailin Vik gjekk til topps i VM for bilcross junior framfor Jakob Hansen og Thomas Tofting, begge NMK Bergen.

I seniorklassen sikra Oliver Andrè Strand, Fitjar, seg VM-tittelen på overbevisande måte ved å vinna finaleløpet framfor Sølve Østbø, Ølen. Sølve Østbø rykka dermed opp til tredjeplass i VM, bak Marius Havre, Bergen, som tok andreplassen. Aleksander Skeie, Sandeid, tok fjerdeplass i finaleløpet, medan Sigbjørn Østbø, Sandeid, fekk stopp i finalen og vart nr. 6. Han vart og nr. 6 i VM samanlagt. I lørdagens sprintløp tok brødrene Sølve og Sigbjørn Østbø dobbeltseier, med Sondre Hundseid Eikeland på tredjeplass.

Fitjarbuen Oliver Andrè Matre vann VM for bilcross framfor Marius Havre, NMK Bergen, og Sølve Østbø frå Ølen.

I rallycross fekk Kenneth Johansen, Ølen, bilen klar og stilte allikevel til start i VM-finalen. Det var ein tøff kamp med Ørjan Lutsi, Oltedal, om seieren, men feilfri kjøring av Johansen sikra han seieren i klassen inntil 2400 ccm. Dermed rykka han opp til tredjeplass i VM. Tonny Tufte gjekk til topps i VM framfor Joachim Braathen, begge frå NMK Bergen.

I klassen over 2400 ccm gjekk Håvard Helland, Fitjar, forbi Jan Kåre Frøyland, Tysværvåg, i samandraget sjølv om det berre vart tredje- og fjerdeplass på dei i finaleløpet. Håvard Helland vart dermed den tredje Fitjarbuen med VM-tittel. Håkon Gjesdal Nilsen, Ålgård, og Michael Jensen, Skjold, tok dei to første plassane i finalen. Michael Jensen vann sprintløpet lørdag framfor Jan Kåre Frøyland.