Press "Enter" to skip to content

Sesongopning og 2. runde i VM for RC/BC søndag 6. mai

Last updated on 6. mai 2018

Våren er komen, hestehoven blomstrar ved dommarbua på Vikedal Motorbane og det er klart for sesongopning for bilcross, crosskart og rallycross i Vikedal søndag 6. mai. Sesongopninga er 2. runde i VM for rallycross og bilcross.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net så snart du veit det. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd.
På grunn av langhelga (1. mai), må førerane i NMK Vikedal melda seg på innan onsdag 25. april. Manglar du lisensane, legg inn 18.00000 som lisensnr. så rettar me det på innsjekk.
Ta gjerne utskrift av plakaten og sprei den rundt. Den blir distribuert til ei liste over hjelpsomme medlemmer og interesserte, men til fleire til bedre.

Tilleggsreglar, bilcross
Tilleggsreglar, crosskart
Tilleggsreglar, rallycross

Meld deg på her …. (velg to gonger om den ikkje kjem rett opp)
Endeleg startliste – rallycross og crosskart (med korrigerte startnr.)
Endeleg startliste – bilcross (med korrigerte startnr.)

Overnatting:
Svein Bjarte Holten, tlf. 98283791, leiger ut rom på Vikedal Sæter, snautt 1 km før banen. Svarar han ikkje, så send ei melding, så ringjer han tilbake.
2 overnattingstadar som er lista i tilleggsreglane er ikkje aktuelle lenger. Sommerhaven er for tida stengt, og det er ikkje tilgjengelege hytter på Vikedal Camping.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.