Press "Enter" to skip to content

Sprint- og BC/RC/CK-løp 16. og 17. sept.

Det er no klart for haustløpet i Vikedal med sprintløp lørdag og ordinært BC/RC/CK-løp på søndag. Deltakerane kan sjølv velja om dei vil kjøre ein eller begge dagar. Påmeldinga gjeld for begge dagane, så dei som berre vil kjøra ein dag må senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net med informasjon om det.

Søndagen er det og ope for bilcross junior trening.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte eller forskjellige personar dei to dagane, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd.

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 10. september kl. 23:59.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsregler – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross

Påmelding
Foreløpig startliste

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.