Press "Enter" to skip to content

Overnatting på NM-runden 3. og 4. juni

NMK Vikedal har leigd Vikedal Sæter til overnatting i samband med NM-runden. Den ligg rett ved vegen ein drøy kilometer før du kjem fram til banen. Du kan dermed gå til banen. Ein del funksjonærar vil bu der, men me har fortsatt ledige rom. Totalt er det 5 dobbeltrom og 19 enkeltrom, alle med eigen dusj. Det er berre nokre få dobbeltrom ledige, så var rask med å bestilla. Det blir servert frukost fredag, lørdag og søndag morgon, og det kan bestillast middag til fredag og lørdag kveld. Menyen er ikkje klar enno.
Prisen for rom og frukost er sett til kr. 500,- pr. natt og person.

Plass kan bestillast på tlf. 982 83 791 (Svein Bjarte Holten)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.