Press "Enter" to skip to content

Dugnad lørdag 27. mai frå kl. 10:00

Klargjeringa til NM-runden går framover, men det gjenstår fortsatt ein god del arbeid. Denne gongen oppfordrar me spesielt alle som ikkje har vore på dugnad så langt om å delta, men alle skal sjølvsagt få noko å gjera. Her er litt av de som skal gjerast:

  • Klargjering for montering av litt nytt rekkverk
  • Finpuss/rydding/steinplukking i depot, publikumsområde og på banen
  • Klypping av plenar og skråningar
    • Sigurd Kilane har påtatt seg kantklypping, men treng sikkert litt hjelp av fleire (ta gjerne med eige utstyr)
  • Oppsjekk av tregjerde mellom depot og vegen
  • Litt maling gjenstår (speakerbu, dommarbu og litt gjerde)
  • Rigging av sperregjerder
  • Vasking/klargjering av Vikedal Sæter til overnatting
  • Vasking av klubblokaler

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.