Press "Enter" to skip to content

Sprintløp og VM-runde 24. og 25. sept.

Last updated on 12. september 2016

Påmeldinga er no opna for sprintløpet og haustens VM-runde. Det er ope for både bilcross, crosskart og rallycross. Søndag er løpet finalen i VM for bilcross, og nest siste runden i VM for rallycross.
For å gjera løpet så godt og attraktivt som mulig, oppfordrar me alle til å melda seg på så snart som mulig. Skal fleire dele same bil i forskjellige klassar, er det fint om de gjer beskjed om det på e-post til pamelding(at)nmk-vikedal.net. Dei som berre ønskjer å delta ein dag, sender og ein e-post om det til pamelding(at)nmk-vikedal.net
På grunn av at det er forventa mange deltakerar, er det ikkje ope for bilcross junior trening. Men på klubbløpet som er fastsett til søndag 9. oktober blir det ope for alle klassar igjen.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det ikkje er same person begge dagar, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net om den andre personen (og gjerne opplysning om kva dag personen som følgjer påmeldinga skal vera vakt). Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje bli innfridd.

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 18. september.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross
Påmelding
Påmelde så langt

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.