Press "Enter" to skip to content

Alt rakna i finalane på Finnskogen

NM-runden i rallycross på Finnskogen gjekk svært bra for dei fleste frå NMK Vikedal fram til finalane. Då gjekk det meste gale.

I rallycross junior sleit Sølve Østbø med gearproblemer, og måtte kjøra dei tre første omgongane med berre 1. og 3. gear. Etter litt hjelp, prøving og feiling lørdag kveld, fant ein til slutt problemet i gearoverføringa og fekk fiksa det. Sølve stod heilt bakerst i B-finalen, men kjørte inn til 4. plass der og 8. totalt i løpet. Han ligg fortsatt på 6. plass i Juniorcupen med 55 poeng, 14 poeng bak tredjeplassen.

Olav B. Bjelland i klasse 1 fekk clutchproblemer, og braut 2. omgong. Heldigvis vart 3. omgong utsett til søndag, slik at han fekk bytta den. Olav stod fekk 3. startspor i B-finalen etter 6. plass i 3. omgong og 3. plass i 4. omgong. I finalen låg han an til å rykka opp til A-finalen når bakhjulsopphenget sa takk for seg. Han fullførte på 3 hjul til 9. plass. Samanlagt i NM ligg han fortsatt på 3. plass, men har tapt terreng til dei to framfor.

I klasse 2 gjekk det meste på skinner i inneleiande omgongar. Daniel Holten måtte bryta ein omgong med knekt spindel, men fekk fiksa det og stod i beste startspor i A-finalen, saman med Kenneth Johansen i fjerdespor. DAniel tok starten og opparbeida seg ei luka på første runden, men så løsna ein uniball i framhjulsopphenget og han måtte trilla inn til sides utan styring. Kenneth var no oppe på pallplass, men så svikta gasswiren hans, og han måtte og gi seg. Dermed vart det femte- og sjetteplass på Kenneth og Daniel. Daniel ligg fortsatt på andreplass i NM, 15 poeng bak Erik Svartås. Kenneth ligg på sjetteplass, 7 poeng bak bronseplassen.

Bjørn Magne Moland Enge hadde og eit godt løp i dei innleiande omgongane. Tredje, fjerde og sjuandeplass gav beste startspor i B-finalen, berre eit poeng frå plass direkte i A-finalen. I B-finalen tok han starten og hadde god kontroll på å vinna den heilt til motoreffekten fall og han vart forbikjørt av to konkurrentar. Dermed vart det ein sur sjuandeplass på Bjørn Magne. Han er no nr. 9 i NM.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.