Press "Enter" to skip to content

Påmeldinga opna for 2-dagaren

2016 06 2526 Plakat TodagarscrossPåmeldinga er no opna for 2-dagars bilcrossløp 25. og 26. juni. Løpet er kvalifisering til både Landsfinalen for bilcross senior i Elverum og bilcross junior på Gol.
For å gjera løpet så godt og attraktivt som mulig, oppfordrar me alle til å melda seg på så snart som mulig. Skal fleire delesame bil i forskjellige klassar, er det fint om de gjer beskjed om det på e-post til pamelding(at)nmk-vikedal.net.
Dei med bilcross junior trening-lisens kan og melda seg på og kjøra trening.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa ein funksjonær til løpet kvar dag (lørdag og søndag). Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det ikkje er same person begge dagar, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net om den andre personen (og gjerne opplysning om kva dag personen som følgjer påmeldinga skal vera vakt). Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje bli innfridd.

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 19. juni.

Tilleggsreglar
Påmelding
Påmelde så langt

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.