Press "Enter" to skip to content

Knivskarp duell om seieren i BC senior

Det vart ein knivskarp duell om seieren i BC senior i dag. Sølve Østbø, NMK Vikedal, hadde ei god leiing i sin VW Golf VR6 i sitt første løp i bilcross senior, men i nestsiste sving rauk ein drivaksel. Dermed gjekk det litt seinare, og Preben Myklebust, NMK Egersund, og Steffen Hjelmås, NMK Bergen, drog innpå.
Målfoto_BC_160626
Som målfotoet her viser, var Preben (nærmast) berre nokre få desimeter framfor Sølve over målstreken, med Steffen hakk i hæl.

I juniorklassen vart det ein litt meir klar seier til Thomas Hundseid Eikeland, NMK Vikedal, framfor Aleksander Stokke og Stig Rune Teigland, begge NMK Bergen.

Resultatliste bilcross junior
Resultatliste bilcross senior

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.