Press "Enter" to skip to content

Klart for 2-dagarscrossen i Vikedal

Til helga er det klart for den tradisjonelle 2-dagarscrossen på Vikedal Motorbane med over 70 bilcrossførerar til start. Løpet er kvalifisering til NMK sine landsfinalar for junior på Gol og senior på Elverum etter sommaren. Landsfinalane er dei uoffiselle norgesmesterskapa innan bilcrossen.

Av dei lokale i juniorklassa kom både Thomas Hundseid Eikeland frå Vikedal og Stian Andrè Gullhaug frå Skjold på seierspallen i det første løpet i Vikedal 1. mai, Thomas på andre- og Stian Andrè på tredjeplass, og dei er dermed blant favorittane til helga igjen. Jentene er heller ikkje langt bak. Ailin Vik frå Fitjar vart nr. 7 sist, medan Amalie Rønnevik frå Vikedal vart nr. 9. Sverre Hundseid frå Vikedal fekk tekniske problemer alt i første omgong sist, men om bobla held, kan også han blanda seg inn i toppen.  Ellers har Espen Olsen frå Ølensvåg vist stigande form og vart nr. 6 i 2-dagarsløpet i Bergen for 14 dagar sidan.

Tor Steine og Hroar Guldhav - lite
Tor Steine frå Suldalsosen (t.v) og Hroar Guldhav frå Vikedal i tett kamp om teten i forrige løp i bilcross jr. (Foto: Tore Rønneberg)

I seniorklassa er det trekløveret Sondre Hundseid Eikeland frå Vikedal, Jan Kåre Frøyland frå Tysværvåg og Tor Egil Mæland frå Skjoldastraumen som har gjort det best så langt i sesongen. Sondre vann løpet i Egersund i april og vart nr. 4 i Vikedal sist. Jan Kåre har 5. plass i Vikedal sist og 8. plass i 2-dagarsløpet i Bergen, medan Tor Egil har 3. plass i Vikedal og 6. plass i 2-dagarsløpet i Bergen. Fitjar Racing Team stiller med heile 4 bobler og Oliver Andrè Matre, Kristina Sætre, Håvard Helland og Joar Torsen som førerar, og tåler dei alle omgongane, kan ein av dei fort gå heilt til topps. Nokre rallycrossførerar gjer og eit innhopp i bilcross for å sjekka nivået. Glenn Olav Lothe stiller med ein Saab, det same gjer Aleksander Skeie, medan Sølve Østbø stiller i Golf.
I tillegg til alle dei lokale deltakerane, er det deltakerar frå Bergen i nord til Kvinesdal i sør.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.