Press "Enter" to skip to content

2 frå NMK Vikedal på pallen på Gardermoen

Bjelland t.v og Østbø på pallenDet vart litt blanda drops for NMK Vikedal-førerane under den andre NM-runden i rallycross på Gardermoen i helga. Sølve Østbø og Olav Bjelland tok sine første pallplassar i rallycross NM, medan det vart problemer for både Daniel Holten, Kenneth Johansen og Bjørn Magne Moland Enge.

 

 

 

 

 

Østbø med GolfenI Rallycross Juniorcup passa dei våte, glatte forholda Sølve Østbø og Golfen hans godt. Etter god kjøring stod han i beste startspor i B-finalen. Der vart han nr. 2, og gjekk dermed vidare til A-finalen. Ein god start der førte han opp på fjerdeplass, og etter at leiaren måtte gi seg med tekniske problem, rykka han opp til tredjeplass. Samanlagt i Juniorcupen ligg han no på sjetteplass, men det er berre 2 poeng opp til fjerde- og 13 poeng til andreplass.

 

 

 

 

Bjelland 4

Olav Bjelland, som kjører i klassen t.o.m. 1600 ccm, kjørte godt heile helga. Han kvalifiserte seg direkte til A-finalen, og etter god kjøring under våte, glatte forhold, kunne han kjøra inn til andreplass i sin Peugeot 206. Etter fjerdeplassen på Grenland for 14 dagar sidan, ligg Bjelland no uoffisielt på tredjeplass samanlagt i NM, berre 13 poeng bak leiaren, Espen Isaksætre.

I klassen t.o.m. 2000 ccm klarte ikkje Daniel Holten å følgja opp seieren i den første NM-runden. I dei første omgongane sleit han med bremseproblemer, men kjørte inn til 2. og 4. tid i dei to siste. Det held til beste startspor i B-finalen. Der tok han starten, men snurra delvis og vart påkøyrt med knekt spindel som resultat. Dermed vart det berre ein tiandeplass på Holten.

Kenneth Johansen, som køyrer i same klasse som Holten, sleit med etterverknadar frå girkasseproblemene i første NM-runden. Han kvalifiserte seg til B-finalen saman med Holten. Der kjempa han om opprykk til A-finalen, men vart litt for ivrig og det vart snurring i staden. Dermed vart det ein åttandeplass på Johansen.
Uoffisielt er Holten på tredje- og Johansen på femteplass i NM-samandraget. Holten er 9 poeng bak leiaren, Erik Svartås, medan Johansen er 11 poeng bak Holten.

Bjørn Magne Moland Enge, i klassen over 2400 ccm, uttalte etter løpet at det hadde vore ei møkka-helg. Det opna bra med veldig gode passeringstider i første omgong heilt til mellomakslingen rauk. Den vart ordna til dei neste omgongane, men då vart han nok litt for ivrig og snurra seg bort frå dei gode tidene og finaleplass. Poenga frå Grenland gjer at han uoffisielt ligg på tolvteplass i NM.

No er det ein liten sommarferie i rallycross NM fram til tredje runde den 6. – 7. august på Finnskogen.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.